Me treng frivillige til lekseverkstad

Lekseverkstad startar opp for introduksjonsdeltakarar i Radøy kommune måndag 13. november. Lekseverkstaden vil vere open kvar måndag og tysdag frå 10.00-12.00 og vil vere på Nav på Manger. Me treng frivillige til å vere med og snakke norsk og hjelpe deltakarane med norskoppgåver.

Du treng ikkje binde deg til å møte opp fast kvar veke, du set deg opp på ei liste på lekseverkstaden dei dagane du kan.

Det vil alltid vere ein frå Nav tilstades.
Så dersom du har tid vert me glad om du kan vere med og engasjere deg i flyktningarbeidet i Radøy kommune.

Ta kontakt med Karine Straume på NAV, mobilnr: 40 92 11 63

Web levert av CustomPublish