Marco Elsafadi saman med Fare og Karine

Marco inspirerte i stor stil

- Du har mange val kvar dag, sa Marco Elsafadi til ei lydhøyr  forsamling av flyktningar og innfødde i eit svært inspirerande føredrag på rådhuset på Manger denne veka.

Elsafadi sitt besøk var eit ledd i introduksjonsprogrammet for flyktningar i Radøy. Den tidlegare landslagsspelaren i basketball og vinnar i «Mestrenes mester» på NRK, snakka om sine erfaringar som flyktning og borgar i Norge.

- Kan ta kontroll
- Korleis kan eg hjelpa meg sjølv i ein vanskeleg situasjon i livet mitt. Me kan ta kontroll over mykje avhengig korleis me tenkjer, Kva gjer du for å skapa eit betre nærvær? spurde Elsafadi. Han slo fast at Integrering er å sørga for at nokon ikkje fell utanfor.
- Eg som bur i eit fellesskap, må ta ansvar for dei rundt meg. Prøv å gjera det mindre komplisert. Gjer som barna, ikkje ver redd for å vera til bry!

- Ikkje vent på andre
Elsafadi framheva at menneske må trivast sosialt saman, - så lenge du trivst tåler du mykje, sa han.
Han peika også på kulturelle den enkelte må gjera.
- Du har mange val kvar dag! Delta aktivt sjølv for å verta  eit betre menneske. Ønskjer du at resten av 2017 skal verta eit bra år? Kva vel du? Ikkje vent på at andre skal gjera deg lukkeleg.
Marco Elsafadi spurde tilhøyrarane kva den enkelte er villig til å gjera for at livet skal verta betre?

- Vil du oppleva noko nytt må du gjera noko nytt. Du har heile tida mentale val, sa han.

Tok seg godt tid
Marco Elsafadi gav seg god tid til å snakka med folk etter føredraget.
- Me er veldig glad for at han ville koma hit og skapa inspirasjon og motivasjon, seier Karine Straume i NAV Radøy.

Introduksjonsprogrammet har hatt eit rikhaldig innhald denne veka. Det starta med ordførar Jon Askeland som orienterte om samfunnsforhold både lokalt og nasjonalt. NAV-leiar Svein Ove Skjoldal informerte om kva tenester, kurs og jobbtilbod dei kan tilby.

Quizz og økonomi
Musikkterapeut Siren Thorsheim spelte og song og hadde opplegg for å aktivisera både vaksne og born då biblioteket informerte om sine tilbod. Ho fekk folk med på allsong. Bibliotekar Anne Elisabeth Waage informerte om bibliotektilboda og hadde også ein quizz om Norge, Radøy og Bergen høyrde også med.
Madeleine Fonnes Aase frå NAV Radøy avslutta veka med kursing i budsjett og økonomi.

- Det har vore ei innhaldsrik og flott veke, seier Karine Straume.

Web levert av CustomPublish