Slik søkjer du læreplass i Radøy kommune.

Radøy kommune er og ønskjer å være ei attraktiv lærebedrift innan faga Helsefagarbeidar, Barne- og ungdomsarbeidarfaget, og institusjonskokkefaget.

Me er ein av kommunane i nordhordland som tar inn flest lærlingar.

Me oppmodar våre ungdommar å velja fag som gjer at dei kan bli lærlingar og seinare fagarbeidarar i Radøy kommune.

For å søkelærlingplass i Radøy kommune kan du i dine val på www.vigo.no velje at du ønskjer læreplass, eller du kan sende søknad direkte til Radøy kommune. 

For å bli lærling må du ha:

  • relevant   VG1 og VG 2 . Du kan også søkje dersom du har teke 3 PÅ etter VG 2  eller på annan måte er kvalifisert til å bli teken opp som lærling.
  • initiativ og eigenskaper som: å vera punktleg , ansvarleg og sjølvstendig
  • lite fråvær (dersom du har mykje fråvær, må det dokumenterast)
  • personleg eigenskaper i forhold til faget du ønskjer å lære meir om

Dette får du som lærling i Radøy kommune

  • god opplæring
  • tariffesta vilkår
  • meiningsfylte og innhaldsrike arbeidsoppgåver
  • gode kollegaer i eit travelt, men triveleg arbeids- og læremiljø
  • moglegheiter for jobb etter læretida.

Kontaktpersonar:

Dersom du har spørsmål om fagopplæringa i Radøy kommune, ta kontakt med Nina Kvamme eller Helge Vallestad på telefon 56 34 90 00

Web levert av CustomPublish