Arve Skjellanger fekk frivilligprisen i 2016, overrekt av varaordførar Jostein Borlang. No kan du koma med framlegg til kandidat for 2017.

Kven bør få Radøy kommune sin frivilligpris 2017?

Frivilligsentralen i  Radøy skal dela ut Frivilligprisen på frivilligsentralen sin julefest i desember. Frivilligprisen skal gå til ein initiativrik person som gjennom sitt frivillige engasjement har betra trivsel og livskvalitet for andre innbyggjarar i kommunen.

Alle privatpersonar, lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Radøy kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet.
Prisen er eit diplom og eit kunstverk.

Framlegg kan sendast, innan 20. november 2017 til:
Frivilligsentralen i  Radøy, Radøyvegen 1690, 5936 MANGER eller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

 

FOTO: Arve Skjellanger fekk Frivilligprisen 2016, overrekt av varaordførar Jostein Borlaug.

Web levert av CustomPublish