Brenning av kystlyngheier på Lygra. Foto: Anita Langøy.

Kurs i brenning av kystlyngheier

Radøy kommune, Prosjekt Villsau i Nordhordland og Lyngheisenteret arrangerer kurs i brenning av kystlyngheier 16. og 17. februar. 

Program: 
 

16. februar kl 18.00-21.00 i Gamle prestegarden på Manger: 
Teori om brenning og skjøtsel av lynghei ved Mons Kvamme.
Tradisjonell skjøtsel, økologi, truslar og praktisk brenning.

17. februar kl. 11.00-ca. 15.00, oppmøte på kaien på Straume 
Me skal brenna på Rapeneset på Straume. Praksis med brenning av lynghei dersom veret tillèt det, alternativt vert det markvandring der Mons fortel om korleis han ville gått fram for å brenna.

Påmelding innan 9.februar til Bente Kopperdal Hervik tlf. 56 34 90 00 eller e-post: postmottak@radoy.kommune.no. Kurset er gratis.

Web levert av CustomPublish