Bogatunet

Bogatunet

Kulturminneplanen på høyring

I formannskapsmøte 7. september vart det vedtatt å leggja kulturminneplan for Radøy kommune 2017-2027 ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker, i tråd med prosessreglane i plan- og bygningslova. Frist for å koma med innspel er sett til 22. oktober. 

Kulturminneplanen til Radøy kommune skal identifisera og prioritera dei viktigaste kulturminna i kommunen og leggja grunnlaget for kommunen sitt arbeid med kulturminne i planperioden. Kulturminneplanen vil vera eit viktig verktøy for  areal-, plan og byggesakshandsaminga i kommunen der ein lettare vil kunne ta omsyn til kulturminneverdiane. 

Last ned kulturminneplanenKulturminneplanen er også lagt ut på kultur- og sørvistorget på rådhuset. 

Eventuelle merknader, spørsmål eller innspel til planframlegget skal sendast til:
Radøy kommune, Radøyevegen 1690, 5936 Manger e
ller på e-post til postmottak@radoy.kommune.no

Web levert av CustomPublish