Haukelandsvika

Haukelandsvika

Kulturminnekveld om kystkultur

Radøy kommune er i gang med å laga ein kulturminneplan og inviterer difor til kulturminnekveld 24. april kl. 18.00 i Haukelandsvika. Temaet denne kvelden er kystkultur.

Program: 
- Ordførar Jon Askeland ynskjer velkomen
- Informasjon om Haukelandsvika i ny og eldre tid ved Stian Haukeland og Gunnar Namtvedt
- Kystkulturen på Radøy ved rådgjevar kultur Bente K. Hervik
- Innspel og historiar frå dei frammøtte

Enkel servering.

Slik finn du fram: 
Ta av frå Vetåsvegen ved innkøyring til nr 107 m.fl., og hald deretter til venstre i første kryss. Frå der er vegen merka. Parkering langs vegen. Det er kring ti minutt å gå på sti fram til Haukelandsvika. Dei som ynskjer å gå samla møter fram kl. 17.40. 

Eldre personar og menneske med nedsett funksjonsevne får båtskyss. Frammøte og parkering ved 
Radøygruppen kl. 17.30.
  •  
Web levert av CustomPublish