fosnstraumen_cropped_1021x441

Ny kommune frå 2020

Radøy kommune går inn i ein ny kommune saman med kommunane Lindås og Meland frå 1.1. 2020. Den nye kommunen vil ha nærare 28.000 innbyggarar.

Dei tre kommunestyra var i haust samla til ei markering av at dei like før sommarferien 2016 vedtok å slå seg saman. Det er sett ned ei førebuande fellesnemnd med ialt 21 politikarar frå dei tre kommunane - 10 frå Lindås, 6 frå Meland og 5 frå Radøy. Fellesnemnda skal førebu prosessen fram mot ein kommune.

Før sommarferien 2017 skal Stortinget ha gjort sitt endelege vedtak om kommunesamanslåing. Då blir også den permanente fellesnemnda sett ned for å jobba vidare fram mot ny kommune.

Namnevalet
Mange er spente på kva som vert namnet på den nye kommunen. Ei rekkje forslag har vorte lansert, og i løpet av våren/sommaren 2017 vil namnevalet bli gjort.

Web levert av CustomPublish