Kommunale bygg

Kommunen sin bygningsmasse består av mange ulike bygningstypar. Vi har skular og barnehagar, omsorgsbygg, idrettshallar, symjehall, bustader, administrasjonsbygg og bygg for tekniske anlegg. Totalt utgjer bygningsmassen ca. 30.000 m2.

Drift og vedlikehald av bygga er organisert under Teknisk drift i ei felles vaktmeistaravdeling kor dei ulike vaktmeistarane har fått tildelt ansvarsområde på dei ulike bygga. Forutan vedlikehald av sjølve bygningane har avdelinga  også ansvar drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga på bygga, slik som lys, varme og ventilasjon.

Avdelinga skal ut ifrå dei politiske og økonomiske tildelingane forvalta og driva eigedommane rasjonelt og til beste for brukarane.

Web levert av CustomPublish