Jordmor - eit tilbod til deg som er gravid

Dersom du er gravid, tilbyr jordmor deg svangerskapskontroll. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som er mor. 

Jordmor tilbyr:

  • Samtale, råd og veiledning om sentrale tema innen helse, livsstil og graviditet
  • Helsekontroll i graviditet
  • Henvisning ved behov
  • Førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre
  • Hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon

Skal du velje jordmor eller fastlege?
Me tilrår gravide kvinner i Radøy kommune et basistilbod på ni kontrollar. Av og til kan det vera naudsynt eller ynskjeleg med fleire kontrollar. Første kontroll vert vanlevis utført i svangerskapsveke 8-12 av fastlege, og andre kontroll hjå jordmor i veke 16. Du må ta med med urinprøve, og helst morgonurin til kvar kontroll.

Både lege og jordmor kan visa deg til ultralyd, terminkontroll, rådgivningssenteret for mor og barn eller ved behov for ekstra kontroll ved Kvinneklinikken i Bergen.

Tilbodet er sjølvsagt frivillig og gratis uansett kven du vel å få oppfølging frå.

Korleis bestilla time?
Dersom du ynskjer kontakt med jordmor kan du ringe til Manger Helsestasjon for å få mer informasjon:

Kommunejordmor: Kathrine Aven Sætre  56 34 90 92 (tirsdag).

Barne og familietjenesta 56 34 90 82.

Meir informasjon: 

Sjå nettsidene til Kvinneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus: www.helse-bergen.no/omoss/avdelinger/kvinneklinikken

Råd til gravide: www.helsenorge.no/gravid

 
Web levert av CustomPublish