Innbyggjarinitiativ

Som innbyggar kan du fremja saker til behandling i kommunestyret og fylkestinget. Målsetjinga med innbyggar-initiativet er å bidra til ein betre dialog mellom dei folkevalde og veljarane, og gjera det enklare for innbyggarane å koma fram med saker som dei meiner kommunen bør ta fatt i.

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok. Det må klart gå fram at underskrivarane gir si støtte til det som forslaget går ut på.

Du må formulera eit forslag om det du ønskjer kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til. Forslag kan også fremjast av personar under 18 år.Ta gjerne kontakt med kommunen for meir rettleiing. Når du har samla inn tilstrekkeleg med underskrifter kan du senda lista til kommunen. Du kan også nytta Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) sin nettportal for innbyggar-initiativ www.misak.no.

Innan seks månader etter at det har vorte fremja, skal kommunestyret ta stilling til forslaget. 

Web levert av CustomPublish