Hordabø skule med si vinnarløysing i SMARTcamp

Vinnarlaget frå Hordabø skule saman med dommarane.

Hordabø til topps i SmartCamp

Sjette klasse ved Hordabø skule skal representera Radøy i fylkesfinalen i SMARTcamp. Det handlar om «smartare energi» og om å skapa gode løysingar for miljø, klima og fornybar energi.

Vinnarlaget frå Hordabø skule viste ein modell av eit sømjeland, som er sjølvforsynt med fornybar energi. Juryen seier i si grunngjeving at elevane viste sterk fagleg kunnskap og det framstod som om gruppa har hatt eit godt og solid samarbeid. Anlegget var utstyrt med solcellepanel, eigne løysingar for avfallshandtering og redistribusjon av energi. Dei ville og nytta ein båt og ein bil til å rydda søppel på land og i havet rundt, og deretter nytta avfallet som ressurs.
Manger skule med sitt prosjekt kommunefinalen i SmartCampManger skule med sitt bidrag i kommunefinalen i SMARTcamp.

Rosande omtale
Også elevane frå Manger skule (2. plass), Sæbø skule og Austebygd fekk rosande omtale for sine prosjekt. Kommunefinalen vart avvikla i kommunestyresalen på rådhuset, der laga presenterte sine prosjekt framfor juryen – med ordførar Jon Askeland, kommunalsjef Olav M. Hella og ein representant for Ungt Entreprenørskap.
Austebygd-elevane sitt prosjekt i SmartCamp

 

Austebygd skule med sitt prosjekt i SMARTcamp.
 

På oppdrag frå NGIR
Det er Ungt Entreprenørskap som står bak undervisningsopplegget SMARTare Energi, som er eit undervisningsopplegg for 6. trinn med fokus på miljø, klima og fornybar energi. Gjennom opplegget vert elevane inspirtert til skaparglede, nysgjerrigheit og problemløysing i samspel med andre. Elevene har først hatt undervisning om klima og fornybar energi på skulen og ein to dagars SMARTcamp, der elevane har fått eit oppdrag frå ei lokal bedrift (NGIR i Nordhordland i år). Dei har brukt både kunnskap og fantasien sin saman i grupper for å bygga ein modell som løysing på oppdraget.

Drivhus, bikuber, solceller og kafé
Elevane frå Manger skule kom på andreplass. Dei føreslo eit fleirbruksanlegg med drivhus og bikuber til drift av ein kafè som var sjølvforsynt med fornybar energi. Solcellepanel og vindmøller gav straum og varme til ein symjehall. I hallen skulle dei og ha trampoliner som produserer bevegelsesenergi når ein hoppar på dei.
Sæbø skule med sitt bidrag til SmartCamp
Sæbø skule med sitt prosjekt i kommunefinalen i SMARYcamp.


Gruppa frå Sæbø skule hadde bygd eit treningssenter som var laga av miljøvenlege modular. Senteret skulle drivast av vindkraft og solcellepanel.
Elevane frå Austebygd skule presenterte og eit treningssenter, der dei nytta vindkraft, solceller og bølgjekraft som energikjelder.
Fylkesfinalen går av stabelen på VilVite onsdag 11. april.

 

 

Web levert av CustomPublish