Høyringar

Det er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp at alle som vert særleg råka av ei offenteg avgjersle skal høyrast. Høyring er den prosessen der den offentlege instansen ber alle som vert råka om skriftleg uttale før det vert fatta ei avgjersle i saka.

Alle som utarbeider og fremmer planforslag har ein plikt til å leggje til rette for aktiv medverknad. Kommunen har eit særskilt ansvar for å sjå til at dette vert gjort. Kommunen er planstyresmakt og skal gjennom hele planarbeidet sørgje for open, brei og tilgjengeleg medverknad i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Planstyresmakten skal arbeide for størst mogeleg offentligheit og reell medverknad i planprosessane. Høyring er prosessen, der den offentlege instansen ber rørte parter i saka om ei skriftleg uttale, før vedtak vert fatta.

Radøy kommune kunngjer alle våre planar og planframlegg på nettsida. Alle planar og planframlegg vert i tillegg kunngjort i avisene og lagt ut på rådhuset. Arealplanar også vert lagt ut i planarkivet BraPlan.

Uttale og merknad kan sendast til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger, på e-post til postmottak@radoy.kommune.no eller via elektronisk skjema.

Web levert av CustomPublish