Høyring planprogram kommunedelplan helse og omsorg

I samsvar med planstrategi har Radøy kommune starta opp arbeidet med å utarbeida kommuneplan for helse og omsorg. Planprogrammet skal liggja til grunn for utarbeiding av planforslag kommunedelplan helse og omsorg.

Kommunestyret sitt vedtak om å leggja planprogram for kommunedelplan helse og omsorg ut på høyring PDF document ODT document
Les framlegg til planprogram her PDF document ODT document

Saman med kommuneplanen er helse og omsorgsplanen det viktigaste dokumentet for helsw og omsorgstenestene si utvikling og styring fram mot 2028. Planen skal vise korleis helse og omsorg kan realisera sine moglegheiter for å møta framtidige behov og skapa gode tenester i åra som kjem.

Planprogrammet peikar på følgjande utfordringar som sentrale:

  •           Kva er framtidige behov og utfordringar i helse- og omsorgstenestene, sett opp mot den demografiske utviklinga i Radøy kommune?
  •           Korleis kan vi sikra god kvalitet, tilstrekkeleg kapasitet og fokus på eigenmeistring framover i helse- og omsorgstenestene i Radøy?
  •           Korleis kan vi sikra reell brukarmedverknad både på system-og individnivå?
  •           Korleis kan vi som organisasjon lukkast med nytenking og innovasjon?
  •           Korleis kan vi få best mogleg tenester ut av ressursane?
  •           Korleis kan vi sikra rekruttering av tilsette med rett kompetanse?
  •           Kva rolle ynskjer vi at frivillige organisasjonar, pårørande og private aktørar skal ha i framtidas helse- og omsorgstenester?
  •           Korleis kan vi utvikla gode rammer og føresetnader for frivillig innsats?
  •           Korleis skal vi sikra meir og betre samhandling internt og eksternt?
  •           Fastlegga mål og prioriteringar for utvikling av tenester i Radøy
  •           Utarbeida omsorgstrapp for omsorgstenestene i Radøy kommune etter LEON-prinsippet.                                                                         

Organiseringa av planarbeidet knyttast tett opp mot eksisterande politisk og administrativ organisering. Medverknad skal bli tatt hand om på ulike måtar – både når det gjeld tenestemottakarar, lag/foreiningar, frivillige organisasjonar, einskildpersonar og andre samfunnsaktørar. Det blir føreslege ein konsentrert prosess med sikte på at kommunedelplanen føreligg når kommunestyret skal handsama økonomiplan og budsjett i 2018.

Kommunen ønskjer innspel til planprogrammet innan  18. august.

Du sender innspel til postmottak@radoy.kommune.no

Plandokumenter ligg på Sørvistorget på Rådhuset.

Web levert av CustomPublish