Historikk

På Radøy har det budd folk i nesten 10 000 år! Nedanfor kan du lesa om nokre utvalde viktige hendingar og epokar i løpet av desse åra.

Dei første radværingane
Kysten av Vestlandet var blant dei første områda som vart busette då isen trakk seg attende. På Straume på Radøy finn me ein av dei største steinalderbusetjingane på Vestlandet. Dei første folka kom dit for nær 10 000 år sida, men minst 16 busetnadsfasar er påvist, spreidde over 5 500 år. Steinalderfolka i Fosenstraumen levde av jakt og fiske og det naturen kunne by på.

Mangerkulturen
Ei rekkje funn av båtdelar, verkty og bygningsrestar ved Nesvågen på Mangersnes dokumenterer at det har vore byggjing eller reparasjonar av båtar der i ein periode på omlag 700 år, frå kring 0 til kring år 700 e.kr. Føresetnaden var sjølvsagt at det låg eit bonde- og fiskarsamfunn omkring med trong for gode båtar både for fjord- og havfiske. Denne kulturen kalla Bård Kolfloth, som gjorde funna, for Mangerkulturen.

Manger prestegjeld og kommune
Så langt attende som me har skriftlege kjelder finn me at Manger har vore senter for eit stort prestegjeld. Prestegjeldet omfatta opprinnleg nesten heile Radøy, med unntak av Sletta-gardane og Straume. I tillegg omfatta prestegjeldet nordre delen av Meland, nordre delen av Askøy og det området som i dag er Øygarden. Presten haldt til på Manger, der hovudkyrkja og prestegarden stod. I 1837, då me fekk formannskapslovene, vart Manger kommune oppretta, og det dekkja det same området som Manger prestegjeld.

I 1871 vart Herdla (nordre del av Meland, nordre del av Askøy og søndre del av Øygarden) skilt ut frå Manger kommune og i 1910 vart Hjelme (nordre del av Øygarden) skilt ut som eigen kommune. Hordabø og Sæbø vart skilt ut som eigne kommunar i 1924.

Næringsgrunnlag
Det viktigaste næringsgrunnlaget på Radøy har tradisjonelt vore gardsdrifta. I tillegg har fiske vore ei viktig tilleggsnæring, særleg for dei gardane som låg nært sjøen.

Mot slutten av 1800-talet byrja oppblomstringa av andre næringar. Me fekk mellom anna fleire meieri, landhandlar, verkstader og industriverksemder som gav arbeidsplassar til mange.

I dag er det mange arbeidsplasar mellom anna på Olsvollstranda, hjå Radøygruppen på Vetås og på SMP i Bøvågen. På Manger finn ein dei fleste butikkane og offentlege kontor. Svært mange radværingar har arbeid utanfor kommune, særleg på Mongstad og i Bergen.

Radøy kommune
Radøy kommune vart oppretta i 1964. Då vart kommunane Sæbø, Manger og Hordabø slått saman. I tillegg fekk den nye kommune garden Straume frå Austrheim, Sletta-gardane frå Lindås og Bognøy frå Herdla. Garden Titland, som tidlegare høyrte til Sæbø kommune, vart overført til Lindås kommune. På denne måten dekkjer Radøy kommune det meste av øya Radøy, med unntak av den sørlegste delen, som høyrer til Lindås kommune.

Utdjupande lesnad?
Radøy gjennom tidene. Gards- og ættesoge for Radøy kommune
Kulturhistorisk vegbok for Hordaland

Radøy bibliotek har ei omfattande samling med lokalhistorisk litteratur.

Web levert av CustomPublish