Har du røysterett i Radøy kommune?

Alle som er fødd seinast 31.12.1999 og er folkeregistrert som busett i Radøy kommune fram til og med 30. juni 2017, har røysterett i Radøy. Får folkeregisteret melding om flytting til Radøy etter 30. juni, har du røysterett i den kommunen du flytta frå. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i medio juli. Du kan sjekke om du er registrert i manntalet på rådhuset eller Radøy bibliotek fram til 11. september.

Krav om retting i manntalet skal leverast skriftleg og sendast til: Valstyret i Radøy, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller sendast som epost til postmottak@radoy.kommune.no

Web levert av CustomPublish