Desse fire ungdomane, Joakim Borlaug, Ivan Valdersnes, Mathias Sævdal Bere og Daniel Gjelsvik Kaland, er med og planlegg fotballturneringa i Radøyhallen.

- Me håpar på god stemning, god fotball men også mykje moro både på og utanfor bana, seier ungdomane Joakim Borlaug, Ivan Valdersnes, Mathias Sævdal Bere og Daniel Gjelsvik Kaland, som er med og planlegg fotballturneringa i Radøyhallen.

Fotballturnering for alle aldrar i Radøyhallen

Radøy ungdomsklubb inviterer til fotballturnering frå 7. klasse og oppover – ja, du er velkomen sjølv om du har passert dei 90. Fotballturneringa går laurdag 15.september frå kl. 12.00-00.00. Turneringa er open for alle – også utanfor kommunegrensene.

- Me håpar på god stemning, god fotball men også mykje moro både på og utanfor bana, seier ungdomane Joakim Borlaug, Ivan Valdersnes, Mathias Sævdal Bere og Daniel Gjelsvik Kaland, som er med og planlegg tureringa.

Det vert tre ulike klassar:
1) 7.klasse-1.VGS- jenter
2) 7.klasse-1.VGS- gutar
3) 1.VGS- 96 år med mikslag. Det må vera minst to av kvart kjønn på laga.
Dei frå 1.VGS kan velja kva turnering dei ønkjer å delta i, men kan berre delta i ein klasse

Kvart lag må bestå av 5-7 splearar. Komiteen håpar mange ønskjer å vera med i turneringa. Det vert delt ut prisar for fairplay, beste lagnamn, beste dommar, beste mål og årets motivator.
Turneringa kostar kr 50 per spelar for ungdom født 2006-2002, og kr 100 for dei som er eldre. Det er gratis å vera tilskodar.
Turneringa er rusfri, noko som er viktig for ungdomsklubben. Dersom eit lag eller spelar bryt dette vert dei trekt frå turneringa.

Påmeldingsfristen er sett til søndag 9.september til ungdomskoordinator Katarina Birkeland på facebook eller på e-post: katarina.birkeland@radoy.kommune.no
Det er bindande påmelding og lag som trekkjer seg etter fristen må dekka påmeldingsavgifta.
Påmeldinga må innehalda lagnamn, namn og alder på alle spelarar, kontaktperson og mob. til kontaktperson.
Arrangementskomiteen ønskjer også dommarar, så er det nokon med dommarkurs så er det berre å senda ein melding til Katarina, Ivan eller Joakim.

Web levert av CustomPublish