"Forskrift om rett til langtidsopphald ved sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgntenester" til høring.

Pasientar som oppfyller kriterier for tildeling av langtidsopphald eller opphald i tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnstenester, har rett til vedtak. Rettigheit er knytta til helse- og omsorgsfagleg vurdering av kva tilbod som kan sikre pasient naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Kommunen har no etter plikt utarbeidd ei lokal forskrift med kriterier for tildeling av langtidsopphald eller tilsvarande bustad. Denne ligg no til høyring

Bakgrunn
Stortinget vedtok 13. juni 2016 endringar i Pasient- og brukarrettighetslov samt Helse- og
omsorgstenestelov. Grunnlaget for lovendringane er Prop.99 L (2015-2016) og Inst. 372 L (2015-
2016) jf følgjande lenker:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-99-l-20152016/id2483443

https://www.stortinget.no/no/Saker-ogpublikasjoner/Publikasjoner/innstillinger/Stortinget/2015-2016/inns-201516-372/


Pasientar som oppfyller kriterier for tildeling av langtidsopphald eller opphald i tilsvarande bustad
særskilt tilrettelagt for heildøgntenester etter helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 a andre ledd, har
rett til vedtak jf pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 e, første ledd. Rettighet er knytta til helse- og
omsorgsfagleg vurdering av kva tilbod som kan sikre pasient naudsynte og forsvarlege helse- og
omsorgstenester.

Endring i helse- og omsorgstenestelov § 3-2-a gjev kommunen ei plikt til å utarbeide ei forskrift med
kriterier for tildeling av langtidsopphald eller tilsvarande bustad. Kommunen skal fatte vedtak om
kriteriane er oppfylt, og føre venteliste over pasientar som venter på langtidsopphald ved sjukeheim
eller tilsvarande bustad.

Forskrifta skal og omfatte pasientar som ville vere best tent med eit slikt opphald, men kor det er
forsvarleg at vedkomande bur i eigen heim i påvente av eit opphald, samt korleis kommunen skal
følge opp i ventetida.

Lokal forskrift skal bidra til at tildelingsprosess er forutsigbar og kjent, og føremålet er slik sett
mellom anna:
• å styrke rettane til omsorgstrengande i praksis
• å forplikte kommunane sterkare til å innfri dei plikter dei har
• å tydeleggjere at alle med omsorgsbehov skal få ei vurdering om rett omsorgsnivå som ikkje
er knytta til kommunen sin kapasitet her og no


Radøy kommune
Virkeområde til denne forskrifta er tildeling av langtidsopphald ved sjukheim eller tilsvarande bustad
tilrettelagt for heildøgns tenester.

Radøy kommune har ulike tenestetilbod til personar med helse- og omsorgsbehov. Desse er knytta til
ulike tiltaks- og ressursnivå jamfør begrepet omsorgstrappa. Tenester på ulike nivå vert tildelt via
enkeltvedtak, og aukande individuelle hjelpebehov vert vurdert kompensert med aukande og meir
omfattende tenestetilbod/ressursinnsats av ulik art. Kommunen nyttar her prinsippet om lågaste
effektive omsorgsnivå (LEON) ved tildeling av tenester. Dette påvirker korleis kriteriane i forskrifta er
utforma.

For å bli vurdert med behov for langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad skal hjelpebehovet
vere omfattande, vanskeleg å tidfeste og andre tenester i omsorgstrappa kan ikkje dekke behov for
naudsynt og forsvarleg helse- og omsorgstenester. Det betyr at personar med middels til store
hjelpebehov vil få tenester i heimen så lenge dette er forsvarleg.
Det er viktig å merke seg at vedtak om plass på venteliste for langtidsopphald eller tilsvarande bustad
ikkje gjev fortrinnsrett når det vert ledig plass for ny tildeling. Seinare plasserte passientar på
venteliste, eller nye pasientar, vil kunne få plass først om deira behov er vurdert større på
tildelingstidspunktet.

Høyring
Radøy kommune skal sikre at forskrifta er så godt opplyst som mogleg før endeleg vedtak i
kommunestyret jf forvaltningsloven § 37. Innhenting av synspunkt og høyringssvar frå ulike partar
inngår i dette.

Formkrav og kunngjering følgjer av Forvaltningslova § 38, og den kommunale forskifta skal mellom
anna kunngjerast i Norsk Lovtidend.

Høyringdokumentet «Forskrift om rett til langtidsopphald ved sjukeheim eller tilsvarande bustad
særskilt tilrettelagt for heildøgntenester i Radøy kommune» er tilgjengeleg på kommunen si
heimeside http://www.radoy.kommune.no/

Høyringsfrist
Frist for å gje høyringssvar er onsdag 22. mai 2017.
Høyringssvar vert å sende skriftleg til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 MANGER eller
til postmottak@radoy.kommune.no

Høyringsinstansar
Dette er ei open høyring som alle kan svare på, både lag- og organisasjoner samt privatpersonar.
Framdrift
Formannskapet hadde møte 04.05.17 sak 17/2141 godkjent at forskrift vert sendt på høyring.
Formannskapet vil vurdere eventuelle høyringssvar i eige møte 01.06.17 før oversending til
kommunestyret for endeleg vedtak 15.06.17.


Forskrifta trer i kraft etter vedtak i Radøy kommunestyre frå og med 01.07.17.

​Forskrifta finn du her: Forskrift om rett til opphald i sjukeheim mv.pdf

Link til: Revidert reglement for kommunal inntaksnemnd.pdf

Web levert av CustomPublish