Forbod mot vatning

Radøy kommune har innført forbod mot vatning.

Forbod mot vatning

På grunn av den langvarige tørkeperioden ser Radøy kommune seg no nøydd til å innføra forbod mot bruk av vatn til hagevatning og øvrig utandørsbruk (bilvask, fylling av basseng, spyling av vegar og plassar).

Snart fire veker utan nedbør skapar store utfordringar for kapasitet i vassverket. Vassverks-pumpene går på høgtrykk for tida og auka vassforbruk kan setja forsyningstryggleiken og beredskapen i fare.

Samtidig vil kommunen takka innbyggarane for å ha følgd oppmodinga om å vera forsiktig med vassforbruket fram til no. Difor har Radøy kunne venta med vassforbodet heilt fram til no.
- Med ber innstendig folk framleis gjera tiltak for å halda vassforbruket så lågt som mogleg fram til det igjen kjem nedbør, seier Einar Færø, leiar ved teknisk drift.


 

Web levert av CustomPublish