Ordførar Jon Askeland saman med det første paret som gifta seg i kommunal regi i Tingstova på Manger, Kim Andre Vågenes og Vanessa Pariente.

FØRSTE PAR: Kim Andre Vågenes og Vanessa Pariente var det første paret som gifta seg i kommunal regi i Tingstova på Manger. Vigslar var ordførar Jon Askeland.

Første par gift i Tingstova

Den første kommunale vigsla er gjennomført i Radøy, og det skjedde i den historiske tingstova på Manger. Ordførar Jon Askeland var vigselmann

- Det var høgtideleg og fint, synest Kim Andrè Vågenes og Vanessa Pariente, som fekk æra av å vera dei første som gifta seg i kommunal regi i Radøy.
Kommunane har frå 2018 fått overført frå tingretten ansvaret for borgarleg vigsle, og det første paret vart vigsla i Radøy denne veka.

Tingstova på Manger er vigselslokale for borgarleg vigsle i Radøy                                                               I tråd med vigselsritualet minna ordføraren brur og brudgom om kva for ei stor og viktig hending det er når to menneske vel å leva saman i ekteskap.
- De lovar kvarandre samhald og støtte i alle forhold i livet, både i medgang og i motgang. Ved å gå inn i ekteskapet blir de til ei eining, men de held fram å vera to sjølvstendige og likestilte menneske. Det er ingen motsetnad mellom kjærleik og samhald på den eine sida, og fridom og sjølvstende på den andre. Kjærleik er òg å visa respekt for kvarandre.
Og då dei to hadde gitt kvarandre sitt ja, avslutta ordføraren seremonien med å lesa eit dikt og følgde opp med dei kjende orda i engelsk versjon: «You may now kiss the bride».

- Flott vigselsrom
Radøy-ordføraren, som var iført ordførarkjede under seremonien, opplevde si første vigsle som høgtideleg.
- Tingstova er eit fantastisk flott vigselsrom, - det beste for borgarleg vigsel i Nordhordland, etter mitt syn! I tillegg gjev hagen utanfor flott innramming av brudebilete. I Tingstova er det god atmosfære mellom veggane, og den kan tilpassast både få og mellomstore selskap, seier Askeland. Ein blomebukett og levande lys på vigselsbordet var også med og skapte god stemning.
Har du planar om å gifta deg borgarleg – slik går du fram:

Web levert av CustomPublish