Førehandsstemming i Radøy

Veljarar heimehøyrande i kommunen eller veljarar frå ein annan kommune kan førehandsstemme i Radøy. På valdagen er det berre mogleg å røyste i den kommunen du er manntalsført i.

Rådhuset
I tida frå 10. august til 11. september kan du stemme på kultur- og sørvistorget under vanleg opningstid 8.30 -15.00.
Siste veke før valdagen, har vi utvida opningstid tysdag, onsdag, torsdag og fredag fram til kl 19.00.

Biblioteket
Lørdag 29. august og lørdag 5. september i tida 11.00-15.00 kan du førehandsstemme på bibliotektet.

Velferdssenteret og Radøy interkommunale busenter
Det vert høvet til å stemme ved Velferdssenteret onsdag 9. september kl 10.00- 12.30 og ved Radøy Interkommunale busenter onsdag 9. september kl 13.30-14.30.

Heimestemming
Veljarar som grunna sjukdom eller uføre ikkje har høve til å ta seg til eit vallokale vallokale for å stemme, kan søkja om å få stemme heimifrå. Ta kontakt med Kultur- og sørvistorget på tlf 56 34 9000, eller brevpost eller e-post. Frist for å be om å få stemme heime er sett til onsdag 9. september kl 15.00.

Hugs valkort og legitimasjon!

Du treng ikkje valkort for å kunna stemme, men det sparer deg for tid.

 

Web levert av CustomPublish