Følgjekort for funksjonshemma

Har du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søkja om følgjekort. Nedre aldersgrense er 8 år. Tilbodet gjeld for personar/funksjonshemma med varig og stort behov for hjelp og tilsyn.

Kva er eit følgje:
Eit følgje er den personen som hjelper den funksjonshemma på ulike kultur, reiser og fritidsarrangement.

Den funksjonshemma vel sjølv sitt følgje. Dette kan til dømes vera ein ven, eit familiemedlem, eller ein støttekontakt. Det ver stilt som krav at følgje skal ha fylt 16 år.

Kva får du?
Du får eit bevis som gir følgjepersonen (ledsageren) din gratis adgang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som aksepterer ordninga.

Følgjekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig, vanlegvis fire år av gangen.

Kva kostar det?
Det kostar ingenting å få følgjekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgjeperson gratis der følgjekort vert akseptert.

Søknad/søknadsfrist
Den funksjonshemma søkjer kommunen om å få følgjekort på eit fastlagt skjema.

Søknaden skal innehalde:

  • eigenmelding
  • uttale frå sakkunnig t.d. primærlege, fysioterapeut, psykolog
  • 1 stk passfoto

Det er ingen spesiell søknadsfrist.

Send søknaden til:
Radøy kommune
Radøyvegen 1625 B
5936 Manger

Radøy kommune handsamar søknaden, og vi prøver å gi deg eit svar innan tre veker.

Klage:

Eit avslag kan klagast på. Klagefristen er tre veker. Klagen skal sendast avgjerdsorganet. Klaga vert vurdert på nytt og eventuelt fremja for ei kommunal klagenemnd.

Web levert av CustomPublish