Du er her: Start
Logo - éin kommune

Logo - éin kommune

Følg vegen mot ny kommune

– Vi ønskjer at alle som bur og driv næring i kommunane våre, skal få informasjon om det som skjer fram til vi blir ein kommune 1. januar 2020, seier ordførarane.

Lindås, Meland og Radøy er i gang med å byggje den nye kommunen. Ei førebuande fellesnemnd med politikarar frå alle dei tre kommunane har jamlege møte og har starta på reisverket.

Den nye heimesida er ei informasjonskanal til innbyggjarar, næringsliv og andre som er interessert i byggjeprosessen. Heimesida har fått namnet einkommune.no, og får følgje av ei facebookside med same namn.

– Det er verken enkelt eller fort gjort å byggje ein ny kommune. Fram mot 1. januar 2020, skal vi ta stilling til mange saker som er viktige for dei som bur og driv næring i kommunane våre. Skal folk flest klare å delta i diskusjonane, må dei få informasjon om det som skjer, seier ordførarane.

Førebuande fellesnemnd har ansvar for prosessen fram til sommaren 2017. Når Stortinget fattar endeleg vedtak om kommunereforma, vil kommunane setje ned ei offisiell fellesnemd som skal leie løpet heilt fram til målstreken.

Heimesida vil leve med prosessen, og endre både karakter og innhald etter kvart. I første omgang vil sida vere ein stad med informasjon om det som skjer, kva møte og milepælar som kjem, sentrale dokument og kontaktinformasjon til ordførarane.

Trykk her for å gå til heimesida www.einkommune.no

Trykk her for opne facebooksida

Web levert av CustomPublish