Fire nye helsefagarbeidarar

Fire lærlingar frå Velferdssenteret og heimetenesta i Radøy har klart fagprøven som helsefagarbeidar.

Regina har tatt fagprøven som helsefagarbeidar


Regina Sandven

Dei fire er Regina Sandven, Frida Kolstad Lien, Eilin Fanebust Lilletveit og Nina Sætre Larsen. Dei bestod fagprøven med glans.
- Gratulerer til kandidatane og rettleiarane deira. Vi er stolte og glade på deira vegne, seier avdelingsleiarane ved Velferdssenteret og i heimetenesta, som ønskjer lukke til i arbeidet.

Dei fire kandidatane er produkt av ulike læreløp som Radøy kommune har for å  utdanna helsefagarbeidarar.

Eilin Fanebust Lilletveit har tatt fagprøven som helsefagarbeidar

 

 

 

Eilin Fanebust Lilletveit


Eilin og Frida har vore TAF helsefaglærlingar og har no fagbrev og spesiell studiekompestanse som gjer at dei kan velja om dei vil arbeida som fagarbeidar eller gå vidare på høgskule.
Regine har tatt læretida rett etter to år på skule - VG1 og VG 2 helsefag. Ho har no tatt fagprøve, og har fått tilbod om stilling i Radøy kommune som helsefagarbeidar etter læretida.Frida Kolstad Lien har tatt fagprøven som helsefagarbeidar
Nina har vore tilsett som pleiemedarbeidar med formål å skaffa seg praksis og ta fagprøve som privatist. Ho er no helsefagarbeidar og held fram i stilling i Radøy kommune.

Nina Sætre Larsen har tatt fagprøven som helsefagarbeidarRadøy kommune gratulerer dei med fagbrevet.

 

 

 


Frida Kolstad Lien

 

 

 

 

 

 

Nina Sætre Larsen

Web levert av CustomPublish