Radøy og Austrheim med felles søknad om breibandsutbygging

Radøy og Austrheim med felles søknad om breibandsutbygging

Vidare utbygging av breiband - høyring

Radøy kommune planlegg vidare utbygging av fiberbasert breiband, og skal søkja om midlar til dette. Her kan du lesa korleis ei vidare utbygging er tenkt. Alle som ønskjer å gje høyringsuttale – lag og foreiningar, bedrifter og enkeltpersonar, kan koma med innspel innan høyringsfristen 27. april.

Her kan du svara på ei kartlegging av interessa for breiband.

Radøy kommune sette i 2013 i gang eit prosjekt med utbygging av breiband med høg hastigheit basert på fiber, og fekk tilsegn om 1 mill. kroner i tilskot frå Hordaland fylkeskommune, som fordelte midlar til dette. Denne utbygginga resulterte i tilbod om  fiber til om lag 60 prosent av bustadane i kommunen.

I 2014 vart tilskotsordninga lagt om ved at det er NKOM (tidlegare Post- og teletilsynet) som forvaltar midlane.
Dei vektlegg følgjande:

  1. Talet på nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for berekraftig drift
  5. Betring av eksisterande breibandstilbod
  6. Kva dette har å seia for lokal samfunnsutvikling

Radøy kommune ønskjer ei fortetting mellom dei områda som er bygde ut til no har tatt ein grundig gjennomgang av kvar det er hensiktsmessig med vidare utbygging av fiberbasert breiband. Resultatet av denne gjennomgangen er at me ønskjer å søkja om tilskot til følgjande område for utbygging:    

Aksane/områda me har tenkt på er:

  • Austebygd skule - Renen - Vestnorsk utvandringssenter - Bunnpris
  • Tveiten - Sætre/Myking - Grindheim - Hella -Vågenes
  • Vetås - Sæbø – Manger
  • Bøvågen - Villanger
  • Marøy
  • Toska

Sjå kartet i weblesaren din for å sjå områda. Innspel er viktig, og stor interesse frå tilsluttande område gjer at utbyggjarar kan vurdere utbygging til så mange som mogeleg. Grendelag vert oppmoda til å samla inn interesselister, og levera desse inn i samband med høyringa.

Alle innspel vert plassert i kartet og analysa av desse vert kartgrunnlaget me søkjer på.
Frist for innspel er 27. april. Innspel vert send til postmottak@radoy.kommune.no og vert merka med "Høyringsuttale utbygging av breiband 2015".

Felles søknad med Austrheim

Austrheim kommune og Radøy kommune er saman om søknaden om tilskot. Austrheim kommune handsamar søknaden for begge kommunane.
For meir informasjon og spørsmål om utbygging og søknad i Radøy kommune, ta kontakt med rådgjevar Harald J. Stanghelle på tlf. 56 34 90 09 eller e-post: postmottak@radoy.kommune.no

 

 

Web levert av CustomPublish