Feiing

Kommunen skal sørgje for at alle røykkanalar i fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygg vert reingjort etter behov, og minst éin gong kvart fjerde år. Det er feiar som avgjer om det skal feiast ut over minstekravet.

I henhold til forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn skal feiing skje etter behov, men minst éin gong kvart fjerde år. Heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta ved feiing eller tilsyn. Dersom du monterer ny pipe eller eldstad i ein bustad som tidlegare ikkje har hatt det, må det sendast melding til kommunen.

Spørsmål om feiing kan rettast til Radøy brannvern v/ feiar Terje Håland (tlf:41638821)

Web levert av CustomPublish