Jan Kjetil Smørdal og hans finske kollega trylla og sjonglerte

Sirkus Agora-sjef Jan Kjetil Smørdal skapte mykje liv og røre på då Dagstova inviterte til sirkusshow på Velferdssenteret.

Fart og sirkus på dagstova

Det er fart og sirkus på Dagstova på Velferdssenteret. Denne veka har Sirkus Agora-sjef Jan Kjetil Smørdahl og ein finsk kollega skapt mykje liv og røre.

I tillegg til brukarane av dagavdelinga og dei som bur i omsorgsbustaden og på Velferdssenteret, var også ei gruppe barnehagebarn invitert til førestillinga. I alt 50 store og små fekk ei uforgløymeleg oppleving.
Jan Kjetil Smørdahl og hans finske kollega var flinke til å dra publikum med seg. Dei trylla og sjonglerte. Alle vart engasjerte og lo godt då «krokodillen» gjekk amok.
Trylling på Velferdssenteret
Det er mellom anna statlege midlar frå «den gyldne spaserstokk» som blir brukt til å få i stand ulike arrangement og henta inn populære «sirkusløver» frå sirkus Agora.
- Me har mykje kjekt på tapetet framover, fortel Rebekka og Rita på Dagstova, som er eit tilbod til heimebuande eldre.
Fredag (9. febr.) spelte Åge Røyseth opp til dans på dagstova. Det blir konsert med Leif Inge Thormodsæter med «viser av eldre årgang» fredag 16. februar.

Rebekka og Rita på dagstovaAllsong i kyrkja
Dagstova inviterer alle i bygda til ei sangstund i Manger kyrkje 14. mars, eit program dei har kalla «lag deg ein god dag». Her kan du vera med å synga kjende og kjære songar, pluss høyra innslag av gode musikalske krefter lokalt.
Arrangementet er ope frå kl. 10.00, og det blir tid til ein god prat før songstunda startar. Det blir servert kaffi og tebrød.
- Håpar mange vil vera med på eit hyggeleg treff denne formiddagen, seier leiaren på Dagstova.
grillhytte ved Velferdssenteret
Konsert og kos
Dagbrukarane dreg også på bytur. Seinast 27. januar var ei gruppe til stades på Lindesnes trekkspillklubb sin konsert i Grieghallen.
- Dette var ein flott tur, som brukarane våre sette stor pris på. Me satsar på fleire turar utover året!
Dagstova har også mange koselege samlingar i grillhytta ved Velferdsenteret.
- Grillhytta er ein herleg plass å vera når det er kaldt ute. Då tenner vi eld og nyter varmen og kosar oss med kaffi, høgtlesing og musikk.

 

Web levert av CustomPublish