Familierettleiing

Barnevernstenesta i Radøy kommune tilbyr familierettleiing. 

De utrolige åra (DUÅ) er eit evidensbasert foreldreprogram som skal fremme foreldrekompetanse, styrke familien og å redusere eller førebygge åtferdsproblem. Førskuleprogrammet er retta mot barn i alderen 3-6 år og går over ca. 18-20 veker. Universalprogrammet er retta mot barn i alderen 2-6 år og går over 7 veker. Grupper.

COS (Circle of Security) er eit evidensbasert program og ein brukarvenleg modell (trygghetssirkelen) for tilknyting og born si utvikling og åtferd. Modellen bidreg til å trygge tilknytinga mellom barn og foreldre. Gruppe eller individuelt.

Dialog (samspelmetoden) er ein effektiv metode for å auke relasjonskompetansen og styrke kvaliteten på samspelet mellom menneske. Metoden bidreg til å bevisstgjere foreldre om dei sider av samspelet med sine born, som det er viktig å legge vekt på. Grupper eller individuelt.

Psykologisk førstehjelp er ein måte å lære barn og unge grunnprinsippa i kognitiv terapi. Metoden hjelper barn og unge til å takle situasjonar som er følelsesmessig vanskelige. Barn og unge lærer å ta styring over tankane sine og få kontroll over kva dei skal gjere når følelsane er sterke. Individuelt.

Forståing og behandling av PTSD og komplekse traume. Stabiliserande traumebehandling og kartlegging. Det blir nytta metode som toleransevindu, den treeinige hjernen og tidslinje. Behandling av dissosiasjon, behandling av flyktningar og bearbeidande traumebehandling. Individuelt.

Rettleiing ved samlivsbrudd og i forhold til samvær. Individuelt.

Familierettleiar tar imot førespurnader frå barnevern, helsestasjon og kommunepsykolog. Familierettleiar er underlagt taushetsplikta. 

Web levert av CustomPublish