Etablerarhjelp

Nordhordland utviklingsselskap
Ta kontakt med Nordhordland utviklingsselskap dersom du har ein gode ide og treng hjelp til å kome igang! NUI tilbyr alt frå etablerarrettleiing til samarbeid i grundernettverk, samt ulike temakurs for gründarar og næringslivet generelt.

Etablerersenteret
Etablerersenteret held etablerarkurs og tilbyr rådgjeving til etablerarar, gründarar, oppstartsverksemder og entreprenørar. Treng du hjelp til å koma i gang med din forretningsidé eller vidareutvikla ei etablert bedrift? Etablerersenteret har brei erfaring innan forretningsplanlegging.

Etablerersenteret er finansiert gjennom eit spleiselag med Hordaland fylkeskommune og 19 kommunar i Hordaland. 

Sjå kursoversikt

Kom'an
Kom-an.no er ein nettportal for deg som ønskjer å finne ut meir om moglege rådgjevings- og finansieringsordningar i Hordaland og få oversyn over eit mangfald av utviklingsaktørar. Portalen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Web levert av CustomPublish