Endring av namn på eininga

Eininga har no endra namn og det som før var BF-tenesta eller Eining for bu- og funksjonstrening heiter no OMSUT eller Eining for omsorg og utvikling. Endringa er gjort i samband med strukturendringa som kommunen no held på med.

Eininga sitt namn skal sei noko om kva tenester eininga driv med. Det gamle namnet var litt uklart for mange, og der var mange versjonar i tolkinga av kortversjon av namnet. Dette gjorde det nødvendig å finne eit meir beskrivande namn på eininga. Eininga yter tenester til barn og vaksne personar som har behov for helse- og omsorgstenester av ulike slag. Dette gjeld avlasting, tenester i heimen. I tillegg driv eininga arbeidstrening. Målgruppe for tenestene er personar med hjelpebehov, og som ikkje kjem inn under heimetenesta som tradisjonelt er retta inn mot eldre. Arbeidssenteret yter tenester til personar med utviklingshemming.

Web levert av CustomPublish