Ungdomsrådet skal dele ut to prisar til ungdom som har utmerka seg i lokalmiljøet

Deler ut to ungdomsprisar

Ungdomsrådet i Radøy skal dela ut prisar til ungdom som har utmerka seg i lokalmiljøet. No kan du koma med forslag på kandidatar til beste motivator og beste organisator. Fristen er 3. desember

Det er Radøy ungdomsråd i samarbeid med Radøygruppen som står bak prisane.

- Ungdomsmiljøet på Radøy er i positiv utvikling der ungdommen er aktivt med på å bidra til at Radøy skal vera ein kjekk og trygg plass for barn og unge å veksa opp. Ungdomsrådet ønskjer å setja pris på ungdom som står på for at andre unge skal ha det bra, seier ungdomskoordinator Katarina Birkeland.

Prisane vart først delt ut i 2016, og skal i år overrekkast på «Heltar og skurkars familiedag søndag 10.desember i Radøyhallen.

Prisen som «beste motivator» vert tildelt utfrå følgjande eigenskapar:
- Motiverer andre
- Flink til å inkludera
- Er med på å skapa eit trygt miljø for andre
- Leiarevne
- Tar initiativ
- Er eit godt forbilde
- Engasjert
- Aktiv over tid

Prisen for «beste organisator» vert tildelt utfrå desse eigenskapane:
- Ein som er med og hjelper til, tar initiativ.
- Eit godt forbilde
- Strukturert og rettleiar andre
- Inkluderande
- Tatt ansvar over tid
- Engasjert
- Kan vera ein person som ofte jobbar bak i kulissene

Send inn forslag

Ungdomsrådet oppmodar lag og organisasjonar, og andre til å senda inn forslag på kandidatar, med grunngjeving kvifor denne ungdomen fortener prisen.

Kandidatane må vera i ungdomsskule-alder eller i vidaregåande skulealder, og må vera busett og aktiv i Radøy.

Frist for å senda inn forslag er søndag 3.desember - til ungdomskoordinator Katarina Birkeland på e-post: katarina.birkeland@radoy.kommune.no

Årets motivator og organisator får utdelt kvar sitt stipend sponsa av Radøygruppen.

Ungdomsrådet har sett ned ein komité som skal gå gjennom kandidatane.

 

Web levert av CustomPublish