Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustøtte?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Sjekk om du kan få bustøtte

Korleis søkjer ein bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring 20. i månaden etter. Dersom du får innvilga bustøtte, vert søknaden din overført til neste månad. Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt éin månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Søk bustøtte

Papirsøknader skal du senda til Radøy kommune, Radøyvegen 1625b, 5636 Manger.

Du må melde frå om endringar
Du har plikt til å melda frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er nytta riktige opplysningar i vedtaket du får.

Melda frå om endringar 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan tre veker frå du fekk melding om vedtaket.

Klage på vedtak om bustøtte

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider. Du kan også ta kontakt med Anne Alise Thomassen i Radøy kommune tlf. 56 34 92 80 for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk

 

Web levert av CustomPublish