Du er her: Start
No får radværingane tilbod om fiberbreiband.

No får radværingane tilbod om fiberbreiband.

Breibandsutbygging i Radøy

Telenor har fått anbodet på ein ny runde med breibandsutbygging i Radøy, som vil gje så godt som alle husstandar tilbod om fiberdekning. På eit informasjonsmøte i kinosalen på Manger orienterte Telenor/Canal Digital om den planlagde utbygginga og om selskapet sine tilbod for TV og breiband.
Du kan bestilla og få informasjon ved å senda e-post til regionvest@canaldigital.no

Dersom du har spørsmål knytt til utbygginga av fibernettet kan du senda e-post til
prosjekt.radoy@eltelnetworks.no
Du kan også ringa kundetelefon mob. 48509629 (opningstider kvardagar frå 08.00-16.00.

Her kan lesa om den planlagde breibandsutbygginga

Her kan du lesa om informasjon om tilbod og tenester frå Telnor/Canal Digital - presentert på informasjonsmøtet på Manger

Saman med nabokommunane Austrheim og Radøy skal Telenor Norge og Canal Digital bygga framtidas TV- og breibandsnett i dei to kommunane. Telenor har fått tilslaget på den komande fiberutbygginga i Austrheim og Radøy, som vil føra til at så godt som alle husstandar vil få tilbod om fibernett.

Telenor/Canal Digital inviterte til eit informasjonsmøte på Manger for å gå gjennom den vidare framdrift breibandsutbygginga og presentera kva tilbod Telenor/Canal Digital har å koma med.

Web levert av CustomPublish