Sirkus Bobbini

Sirkus Bobbini CHRISTINE_GULLHAV

Bokbåten kjem til Radøy

Onsdag 22., torsdag 23. og tysdag 28. mars kjem bokbåten til Radøy. Den legg til på Toska, i Bøvågen, i Nordangervågen og ved Sletta-kaien.

Onsdag 22. mars
Toska kl. 17.30-19.00, program kring 17.30

Torsdag 23. mars
Bøvågen 09.00-10.30, program kring 09.00
Nordangervågen 18.00-19.30, program kring 18.00

Tysdag 28. mars
Sletta kai kl. 09.00-10.30, program kring 09.00

Program: 
Kom og møt Sirkus Bobbini; utbrytardronninga Susie, loppesirkusdirektør Cox Pomona og sirkuset si store stjerne, loppa Lola. Men kva skjer når Lola forsvinn? Klarar Susie og Cox Pomona å redde sirkuset?

Kom og sjå ei fengande sirkusframsying, med flott musikk og kreative gjøglerier.

Framsyninga høver for dei eldste i barnehagen og elevar til og med 7. klassetrinn

Web levert av CustomPublish