Beredskap

Radøy kommune arbeider for å vera best mogleg førebudd på krisesituasjonar.

Beredskapsplan og ROS-analyse

Kommunen har oppdatert beredskapsplan og risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) på viktige tenesteområde. ROS-analyser dannar grunnlag for beredskaps- og kriseplanlegginga i kommunen. Beredskapsplan vert regelmessig oppdatert og gjev varslingsprinsipp, varslingslister, prosedyrar ved ulykker og kriser og oversikt over ressursar (i og utanfor kommunen) som kan nyttast i ei krise.

Beredskapsarbeidet er tufta på ansvars-, nærleiks-, likskaps- og samvirkeprinsippet. Dei som har ansvar i kvardagen, har likeeins ansvaret ved ulukker og kriser. Nærleiken og likskapen til kvardagen vert tatt i vare. Samvikre med andre gjev best handtering óg når ei alvorleg hending har råka oss.

Kommunal kriseleiing (KKL)
Ved ei større hending i kommunen kan det vera aktuelt å setja kommunal kriseleiing (KKL). Kriseleiinga er øvd i å handtera hendingar og å ha fokus på å handtera krisa slik at innbyggjarane vert ivaretekne på best mogeleg måte, óg med omsyn til den daglege drifta.

Kriseteam
Ved ulykker og krisehendingar kan det være behov for ekstra oppfølging. Radøy kommune har eit eige kriseteam med ressursar frå ulike einingar i kommunen. Dei vil vera til hjelp i slike situasjonar.

Radøy kommune fekk beredskapsprisen i 2010

 

Web levert av CustomPublish