Barnevern

Hensikta med barneverntenestene er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Opningstider
Sentralbordet er ope: kl. 08.30- 12.00 og 12.30 - 15.00. Tlf: 56 34 92 80. Den kommunale barneverntenesta har ikkje bakvakt utover kontortid. I høve behov for øyeblikkelig hjelp kan politiet kontaktast på telefon 112, eller den nasjonale alarmtelefonen for barn og unge 116111.

Melding til barnevernet
Det er anledning til å ringe barneverntenesta og drøfte utan å namngje barnet dersom ein er i tvil om det er grunnlag for å gi bekymringsmelding, eller korleis dette gjerast.

Slik jobbar barnevernstenesta
I alt barneverntenesta sitt arbeid skal det leggjast avgjerande vekt på ei vurdering av barnet sitt beste.

Barneverntenesta har ansvar for å vurdere mottatte meldingar, og dersom meldinga gir grunn for bekymring, gjennomføre ei undersøking av barnets omsorgsituasjon. Når barnet på grunn av forholda i heimen, eller av andre grunner har særlege behov for det, skal barneverntenesta først vurdere om det er mogleg å endre omsorgsituasjonen ved å iverksetje hjelpetiltak. For å iverksetje ei slik endringsprosess, er det ein føresetnad at foreldra ønskjer og klarar å ta imot den naudsynte hjelpa. I dei fleste sakane (8 av 10) kor det er behov for tiltak frå barnevernet, vert det gitt hjelp medan barna bur med sine foreldre.

Nokre gonger er det naudsynt og til barnets beste å flytte ut av sin heim. Dersom foreldra ikkje ønskjer eller klarar å ta imot hjelp som fører til naudsynt endring i barnets omsorgsituasjon, skal barneverntenesta vurdere om det er behov for å sende saka til handsaming i fylkesnemda, som er eit statleg organ. Fylkesnemda handsamar og gjer vedtak i høve omsorgsovertaking og i høve til born med alvorlege åtferdsvanskar som har behov for tvangsplassering i institusjon.

Eininga barnevern tilhøyrer sektor helse og omsorg. Einingsleiar er Leila Leila Torsvik.

Web levert av CustomPublish