Attraksjonar

Syltastova

Syltastova

Syltastova ligg på Sylta nord på Radøy. Huset har vore brukt som bustad, men truleg og som forrådsrom. Me kan med rimeleg tryggleik fastslå at Syltastova er bygd på slutten av 1500 talet. Årringsdateringa som blei utført i 2006 anslår 1550 – 1610 som ytterpunkt og 1580 som sannsynleg fellingsår for tømmeret.
 

02. november 2013 Les meir
Bogatunet

Bogatunet

Bogatunet er namnet på eit tun frå 15-1600 talet som er teke godt vare på. Det samanbygde huset syner trekk frå mellomalderbyggeskikk i det nordatlantiske kulturområdet. Huset inneheld eldhus, røykstove, bu m/loft og glasstove. På veggane i stova, er det pynta med kroting.

02. november 2013 Les meir
Radøy motorsamling

Radøy motorsamling

Radøy motorsamling består av over 200 ulike motorar som har vore brukte i vårt distrikt. Dei aller fleste motorane er sette i stand. Samlinga inneheld også traktorar og jordbruksmaskiner.

02. november 2013 Les meir
Skjærgårdsfisk visningssenter

Skjærgårdsfisk visningssenter

Skjærgårdsfisk visningssenter dokumenterer over 45 år oppdrettshistorie. Det er også høve til båttur ut til fiskeoppdrettsanlegget.

02. november 2013 Les meir

Radøy kunst senter

Radøy Kunst Senter (RKS) er ein stifting og eit senter for framsyning av samtidskunst i Nordhordland. Galleriet er 160 m2.

02. november 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish