Hordabø skulemusikklag sitt show under kulturdagane 2016.

Arrangement under kulturdagane i Radøy?

Kulturdagane i Radøy vert arrangert i perioden 20.-29. april 2018. Dette er dei siste kulturdagane i Radøy kommune. Har du, laget ditt eller verksemda di noko de ynskjer å bidra med? Då høyrer me gjerne frå deg! Frist for å melda inn arrangement er 25. januar.  

Om de har eit arrangement de ynskjer å ha inn i kulturdagane, ta kontakt med Bente K. Hervik på tlf. 56 34 90 12 eller e-post: bente.hervik@radoy.kommune.no.

Tilskot til arrangement under kulturdagane
Radøy kommune har sett av midlar til gjennomføring av arrangement under kulturdagane. Tilskot kan gjevast til opne kulturarrangement. Arrangement og prosjekt som er nyskapande vert prioriterte. Tilskotet er behovsprøvd og kan gjevast som underskotsgaranti eller direkte tilskot. 

Søknaden skal innehalda skildring av arrangementet, budsjett og finaniseringsplan. Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført.

Søknad kan sendast Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller postmottak@radoy.kommune.no

Søknadsfrist er 1. februar.

 

Web levert av CustomPublish