Kva er ein arealplan?

Ein arealplan bestemmer korleis areala i eit område skal brukast og kva slags bygg ein kan setja opp. Ein arealplan består av eit plankart, og til vanleg også planføresegner.

  • Plankartet viser korleis bustader, vegar, leikeplassar, skular osv skal plasserast.
  • Føresegnene utfyller plankartet og definerer nærare korleis områda skal brukast, kva som kan byggast, kva som skal takast vare på osv. Ofte inneheld også føresegnene reglar om kva som må vera på plass, som t.d. ein meir detaljert plan eller opparbeiding av veg eller leikeplass før ein kan få lov til å byggja.

Det finst ulike typer arealplanar. Din eigedom kan vera berørt av fleire.

Ein arealplan er rettsleg bindane for arealbruken i området. Dette betyr at den må følgjast.

Dersom du skal byggja noko på ein eigedom, eventuelt dela ein eigedom, vil arealplanen gje deg svar på kva som er tillatt og ikkje.

Web levert av CustomPublish