HeimNyhendeSiste kulturprisen i Radøy til Magnar Klausen

Siste kulturprisen i Radøy til Magnar Klausen

Kulturprisvinnaren er ein humørspreiar og har i mange tiår gledd mange med song og musikk. Mange har opplevd han i kjend positur med trekkspelet, slik som på Frivillingsentralen sin julefest.

Magnar Klausen har tidlegare vore musikar på gamaldanskveldar i dei tre ungdomslaga på Radøy i mange år. Han er framleis med  med i gruppa «Dei tre glade laksar». Han var lenge også med i songgruppe som underheldt på festar og ulike arrangement.

- Kulturprisen i år går til ein glad laks, sa ordføraren då han overrekte prisen.

Kulturpris-vinnaren har også gledd mange lag og organisasjonar med underhaldning og tonefølgje. Han har også spelt og underhalde i kulturtimen på Velferdssenteret ein gong i veka.

Magnar Klausen har også ord på seg å vera ein gledesspreiar på turar, og har då alltid trekkspelet med seg.

Han har også vore med i styret i pensjonistlaget i ei årrekkje, også som leiar.

83-åringen har vore med i styret i Radøy pensjonistlag i ein god del år, dei siste åra som leiar. Han har vore med i eldrerådet i Radøy i fleire periodar heilt fram til no.

Siste oppdrag for Radøy-ordføraren

Kulturprisen er den høgste utmerkinga og heideren som Radøy-samfunnet gir til dei som gjer ein ekstra innsats for å byggja og utvikla lokalsamfunnet. I år er prisen eit måleri av Radøy-kunstnaren Jon Petter Havnerås, og eit diplom.

For ordførar Jon Askeland var dette det siste offisielle oppdraget som ordførar og siste gongen han hadde på seg ordførarkjedet i Radøy.

– Det første oppdraget mitt som ordførar var å dela ut kulturprisen til Manger folkehøgskule i 2007, og no er ringen slutta med overrekkinga av kulturprisen til Magnar Klausen, sa Askeland.

Han peika på at Radøy vert framheva som ein barne- og ungdomskommune. Askeland meiner det er grunn til også å trekkja fram mangfaldet og kvaliteten i arbeidet mellom eldre i lokalsamfunnet vårt.

Ein god stad å verta eldre

– Det er ein god stad å verta eldre i Radøy. Difor er det kjekt at den siste kulturprisen er med på å framheva eldrekulturen, sa Jon Askeland.


Sist oppdatert: 13.12.2019
Publisert: 13.12.2019