Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Natur og miljø / Viltforvaltning / Vald - godkjenning

Beskrivelse

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt og bever må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Frå 2009 er minstearealet for vald i Radøy kommune redusert til 400 dekar.

Veiledning

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet 
  • oversikt over eigedommane (med gards- og bruksnummer) som valdet omfattar og storleiken på kvar eigedom 
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane 
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet 
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Søknadsfrist

Innan 15. mai

Saksbehandling

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Beslektede tjenester

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no