Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
D

Det vart gjeve løyve til felling av 266 hjortar. Av dyra som vart felt var 42 % koller, 38 % bukkar og 20% kalvar. Avskytingsprosenten var på 92 %. Det har aldri vorte skote meir hjortar i Radøy kommune enn i 2008. Hjorteteljingane i 2008 viser oss at det er ei stor hjortestamme i Radøy kommune. Mange hjortar har i Radøy og elles i Nordhordland vorte påkøyrde i 2008, det viser oss og at hjortestamma i mange område er stor. Frå 2009 vert minstearealet pr vald redusert over store deler av Radøy kommune til 400 dekar. Dette vert gjort for å kunna ha eit godt verkty i hjorteforvaltinga framover.

Hjortefelling 2008

 
 
Alle som jaktar storvilt (valda/jaktfelt) skal ha skriftleg ettersøksavtale med godkjent ettersøksekvipasje. Dei som har avtale med Nordhordland Jakt og Fiskelag skal ringa til tlf. 902 02 907. Avtalen må ordnast kvar år før jakta tek til. Vilttelefonen har vakt heile døgnet under hjortejakta.
Sist oppdatert: 06.09.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no