Radøy kommune laga i 2002 ein ENØK-plan (energiøkonomisering). Den omhandlar kva slag politikk og praksis som kommunen skal ha når det gjeld drift og investeringar i ofentlege bygg knyt til oppvarming/energibruk m.m. framover. Radøy kommune har også oppretta eit ENØK-fond. Dette skal gå til investeringar for å få til ein god og berekraftig energibruk i kommunale bygg. Det betyr mellom anna at nye Sæbø skule og at den planlagte utvidinga av sjukeheimen på Manger skal ha vassboren varme.
Radøy kommune skal no laga ein Klima- og energiplan. I dag er det berre Radøyhallen av dei komunale byggja våre som har varmepumpe. Den tek varmen til hallen frå Nesvatnet. Den nye Klima- og energiplanen for Radøy som skal lagast vil ta inn over seg det som er bra i den gjeldane ENØK-planen vår, men den vil verta utvida til å gjelda heile Radøy, og ikkje berre innafor det som er Radøy kommune sitt direkte ansvarsområde. Har du idear til gode klima- og energitiltak i Radøy kommune så er me glade om du tek kontakt med oss. Me kan og visa deg vidare til ENOVA og andre ordningar som kan gjeva deg råd og kanskje økonomisk støtte.
Sist oppdatert: 04.02.2010