Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Natur og miljø / Miljøfyrtårn - sertifisering
Miljøfyrtårn - sertifisering

GENERELT

Omtale

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvenleg og samstundes lønsamt. Verksemda gjennomfører ein miljøanalyse, og funna i denne analysen fortel kva verksemda må gjere før ho kan bli sertifisert. Auka kjeldesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvere er positive resultat som ein oppnår. Stadig fleire offentlege instansar og private bedrifter stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte.

Sertifisøren tinger sertifikatet hos Stiftinga Miljøfyrtårn og sertifikatet blir skrive ut av sertifisøren og ordføraren i kommunen.

Målgruppe

Private og offentlege verksemder

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Sertifiseringsordninga blir forvalta av Stiftinga Miljøfyrtårn. Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Landsorganisasjonen (LO), Handels- og servicenæringenes Hovedorganisasjon (HSH), Bedriftsforbundet, kommunar/fylkeskommunar og KS - kommunane si interesseorganisasjon, har representantar i styret i stiftinga.

Beslektede tjenester



OM SØKNADSPROSESSEN

Rettleiing

Verksemda kontaktar ein miljøfyrtårnkonsulent som hjelper til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innanfor ulike bransjar (for eksempel røyrleggjar, hotell, barnehage og skule). Med støtte frå konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten kommunen sin sertifisør. Verksemda blir sertifisert og rapport blir sendt til Stiftinga Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftinga Miljøfyrtårn.



ANDRE OPPLYSNINGAR

Sist oppdatert: 01.07.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no