Kommunen skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil òg bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.
Landbruksføretak
I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for
Vedtaket kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, for eksempel å stengje vegen med bom.
Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg før kommunen gjer eit vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk Kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha noko å seie for interessene i fagområda deira.
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, for eksempel naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative veitrasear bør òg komme fram.
Kartdel som viser
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Kommunen gjer vedtak om å godkjenne vegutforminga og bygginga, set vilkår for godkjenninga eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd eller ombygd. Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223