Skogbruket på Radøy har gått over frå ein skogreisingsfase til ein haustingsfase. Dette stiller krav til eit godt utbygd vegsystem for å få tømmeret ut av skogen. Ein fin balanse mellom naturskog og kulturskog må til i det småkuperte landskapet i Radøy. Omsyn til landskap, friluftsliv, kulturminne, og miljø er difor eit sentralt arbeid i dagens skogforvalting og landbrukspolitikk. Det er menneskehanda som har skapt skogen på Radøy, den vil også kunne skjøtta denne og naturen her på ein god og miljøvennleg måte framover.
Under menypunkta til venstre er det lagt informasjon om ein del sentrale tenester som gjeld skogbruk.
Sist oppdatert: 06.09.2009