Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Næring / Landbruk / Tidlegpensjon for jordbrukarar

Beskrivelse

Ordninga med tidlegpensjon er ein del av veldferdsordningane i landbruket. Ho er meint å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det blir utbetalt anten ein éinbrukar- eller tobrukarpensjon. Tobrukarpensjon er aktuelt i dei tilfella der også brukaren sin ektefelle/sambuar har tatt aktivt del i drifta. Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden brukaren fyller 67 år, med mindre brukaren får utbetalt andre typar pensjonar som ikkje kan kombinerast med tidlegpensjonen.

Målgruppe

Alle som driv med jordbruk, men spesielt dei som er klår for å overlate drifta til nokon andre og trekkje seg attende.

Vilkår

For å utløyse tidlegpensjon blir det kravd at

  • brukaren må vere fylt 62 år
  • landbrukseigedommen må vere overdratt til ny eigar eller forpaktingsavtalen må vere oppsagt
  • brukaren må ha vore gardbrukar i minst 15 år
  • næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i referanseperioden som er sett til fem år
  • minst 25 % av inntekta frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri
  • minst 67 % av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk eller brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå bruket må utgjere minst 50 % av deira samla inntekter

Ved tobrukarpensjon blir det kravd i tillegg at

  • ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år
  • ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen i dei siste fem åra
  • brukarens og ektefellens/sambuarens samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må utgjere minst 50 % av dei samla inntektene deira
  • ektefelle/sambuar kan ikkje ha annan inntekt på meir enn kr 100 000 utanom bruket i referanseperioden

Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område.

Samarbeidspartnere

Kommunen mottar søknadene, men vidaresender dei til Fylkesmannen for godkjenning. Statens landbruksforvaltning er klageinstans.

Vedlegg

Nødvendig dokumentasjon for å vise at vilkåra for å komme med i ordninga er oppfylt:

  • utskrift som viser inntekt frå dei fem åra som inngår i referanseperioden
  • kopi av tinglyst skøyte på at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar eller skriftleg oppseiing av forpaktningsavtalen
  • skattekort

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Kommunen kontrollerer at søknaden er riktig utfylt og at alle vedlegga er med. Søknaden blir sendt Fylkesmannens landbruksavdeling for godkjenning og utbetaling. Statens landbruksforvaltning utbetaler pensjonen kvartalsvis.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statens landbruksforvaltning. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statens landbruksforvaltning.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Lover

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no