Landbrukskontoret skal stimulere og leggje til rette for landbruksnæringa på ein måte som gjer at alle gardbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike ordningane som er heimla i jordbruksavtala. Landbrukskontoret skal førebu saker etter forskrifter og lovverk, og ta avgjerd i saker som er delegert til administrasjonssjefen. Landbrukskontoret skal stimulere til næringsutvikling på den einskilde eigedom og/eller i tilknyting til landbruksnæringa.Naudnummer for gardbrukarar: 07052Les meir om naudnummeret på Fylkesmannen sine heimesider.
Fagkurs i samfunnsentreprenørskap med oppstart i januar 2012. Sjå meir informasjon i pdf om kurset.Seminar: Nytt liv i gamle bygg. Seminaret er aktuelt for bønder 17. januar i Salhus. ”North atlantic native sheep and wool conference” i Nordhordland 29. Mars – 1. April 2012Fylkesmannen har laga ei handbok for bonden som ein kan lesa her. Den tek for seg; Lovar og reglar, etablering, samdrift, tilskot, miljøtiltak, praktikantar, pensjon, erstatningsordningar.Her kan ein sjå kurskalendar for landbruk frå Hordaland fylkeskommune.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223