Nokre råd om branntryggleik
I stova:
- Hald auga med levande lys, sløkk dei om du forlet huset
- Freista unngå lysestakar/ lysmansjettar/ dekorasjonar i brennbart materiale, likeeins lysestakar som ikkje står støtt
- Bruk gjerne sjølvslokkande lys og av typen som ikkje brenn heilt ned
- Bruk berre ”te-lys” i høvelege stakar
- Slå alltid av fjernsynet med av/på knappen på apparatet, ikkje med fjernkontrollen når du forlet huset eller går til køys for natta
- Sjå til at det er tilstrekkeleg lufting rundt fjernsyn / PC / stereoanlegg
- Bruk ikkje for mange støpsel i ein og same skøyteledning / stikkontakt
- Sjekk at det ikkje er sterkare pærer i lampar og lampettar enn dei er berekna for. Dette viser ofte som brune skjermar
- Frittståande oljeomnar bør ikkje stå på når det ikkje er folk i huset. Sjekk for evt. oljelekkasje, då skal dei vrakast
- Sjå til at gardiner, dukar o.l. ikkje dekkar elektriske omnar
- Vedomnar/ fyring, sjå råd om vedfyring
På kjøkkenet:
- Slå alltid av kaffitraktar, vasskokar, brødristar o.l. etter bruk, og drag støpselet ut av stikkontakten etter bruk
- Forlat ikkje huset når du lagar mat på komfyren
- Dersom det byrjar brenna i ei gryte, legg lokk på. Ikkje bruk vatn på varmt feitt / smolt el.l.
- Slå av oppvaskemaskina med av/på brytaren etter bruk, ikkje la den gå om natta
På vaskerommet:
- La ikkje vaskemaskiner og tørketrommel gå om natta eller når du ikkje er i huset
- Tøm lo-filter o.l. før bruk
- Unngå skøyteleidningar på våtrom
På soverommet:
- Bruk berre fastmonterte lampar og omnar på barnesoverom, ikkje frittståande omnar og lampar som kan kvelva / falla ned
- Monter gjerne røykvarslarar på alle soverom, spesielt på barnesoverom
- Dersom det er over 5 m. ned til bakkenivå er det krav til brannstige
Sløkkjemiddel/ røykvarslarar:
- Alle hus/ leiligheiter/ bueiningar skal ha min. 1 røykvarslar som kan høyrast i alle rom, og min. 1 godkjend sløkkjemiddel. Dette er huseigar sitt ansvar.
- Sjekk røykvarslarane månadleg, batteribyte den 1.12. årleg, gjerne seriekopla varslarar. Helst 1 i kvar etg. Føl mont.anv. når dei vert montert, ikkje veggmontert. Røykvarslarar bør bytast ut etter om lag 10 år.
- Snu / rista pulverapparatet minst 2 gonger årleg, jul / jonsok er lett å hugse. Du skal høyre / kjenne at pulveret bevegar seg inne i apparatet. Sjekk at trykket på manometeret står på grønt. Service kvart 5. år, storsjekk kvart 10. år. Husbrannslange er å anbefala
- Ta gjerne ei lita ”brannøving” i heimen saman med borna, der ein går gjennom kva ein skal gjere i høve ein evt. brann. Det bør gjerast årleg
mvh
Terje Håland
Radøy Brannvern
Sist oppdatert: 03.11.2009