Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Tekniske tenester / Brannvern

Brannvernet i Radøy vert tatt hand om av Radøy brannvern. Radøy brannvern  består av friviljuge mannskaper som er budd på utrykningar heile døgnet. Oppgåvene er mange og varierte og kan i tillegg til brannutrykninger vera utrykninger til trafikkulykker, flomskader, miljøskader, leiteaksjoner og vassfylling av brønner for å nevne noko. Brannvernet består i dag av 17 personar. I tillegg kjem brannsjefen. Det er lovpålagt med seks øvingar i året. Radøy brannvern har også inngått avtaler med ein del gårdbrukarar med gyllevogner som kan kontaktast dersom det oppstår større skogbrannar.

Brannstasjonen til Radøy brannvern ligg på Manger.

Mykje av det brannførebyggjande arbeidet i Radøy kommune vert teke i vare av eit interkommunalt samarbeid beståande av 8 kommuner. Dette er Austrheim, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Solund og Radøy. Avdelinga har kontor i Knarvik og heiter Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB). Avdelinga har som oppgåve å utføre tilsyn i særskilde bygningar som til dømes skular, bedrifter, helsehus osv. Brannførebyggjande skal og driva med motivasjons- og informasjonstiltak.

Sist oppdatert: 03.11.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Krossvegen 8, 5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82

Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no